Seminar 3. juni: MOOC og digital læring

Omgrepet MOOC dukkar opp i stadig fleire samanhengar. MOOC er ein del av ei utvikling der stadig meir undervisning, pensum og læring vert flytta til digitale plattformar. Kva følgjer har denne utviklinga for høgare utdanning?

–          Kva er MOOC – eit motefenomen eller ei reell endring av høgare utdanning?

–          Kva skil digital læring frå tradisjonell læring og kva nye kompetansar trengst?

–          Kva rolle kan biblioteka spele i denne utviklinga?

Foredragshaldarar:

Jon Hoem, fyrsteamanuensis ved Mediesenteret, HiB. Underviser i digital fotografering, multimedie-journalistikk og digital kompetanse.

Rune Krumsvik, professor og instituttleiar ved Institutt for pedagogikk, UiB. Forskingsgruppeleiar for forskingsgruppa Digitale læringsfellesskap.

Etter innlegga vil Marianne Johansen Huse, administrativ leiar for DigUiB-programmet, leie ein samtale mellom foredragshaldarane.

Program:

9.00-9.30 Morgonkaffi

9.30-11.30 Seminar

11.30- Lunsj

Tid: Tysdag 3. juni, 9-12.00

Stad: Auditorium 1080 i  Stein Rokkans hus, UiB, Nygårdsgaten 5

Deltakaravgift:
(lunsj og kaffi/te er inkludert)

Medlemmer av NFF: 150 kr.

Andre: 250 kr.

(meld deg inn for å få rabatt!)

Påmelding:

Påmelding/innmelding til karin.bengtsson@imr.no innan 28. mai.

Reklamer