Reiserapport frå Forum for teologi og religionsfaglige bibliotek (FTRB), 27.og 28.oktober 2016

Av universitetsbibliotekar Solveig M.L. Kavli, Høgskolen i Bergen

Forum for teologi og religionsfaglige bibliotek (FTRB) har årlige hausttreff der bibliotek som tilhøyrer institusjonar som underviser og forskar i religionsfaglige tema møtast. Medlem i FTRB er bibliotekarar som har teologi eller religionsvitskap som ansvarsområde. I FTRB kjem det representantar frå UiO, MF, TF, NB, VID, NLA, UiA, UiT og HiB. Ansgarskulen og Fjellhaug internasjonale høgskule er også med i forumet.  I tillegg til religionsfaglige og teologiske presentasjonar under desse dagane er det også sat av tid til bibliotekfaglige nyvinningar og oppdateringar frå biblioteka som husar foruma. Vi set også  av tid til erfaringsutvekslingar mellom biblioteka, noko som gir innblikk i ulike praksisar og problemstillingar. Gjennom FTRB  har vi opparbeida eit faglig nettverk som gjer at det er enkelt å ta kontakt når ein lånar treng rettleiing eller tips utover det vi som bibliotekinstitusjon sjølve kan tilby. FTRB starta opp i 1982 som eit samarbeid mellom to ulike institusjonar. Sida starten i 1982  har forumet utvida seg til å telje inn ei medlemsliste på 16 bibliotekarar frå  12 ulike bibliotek og har hatt årlige hausmøte sida oppstarten på ulike stader i landet.

Årets forum blei husa av Nasjonalbiblioteket (NB) og Universitetsbiblioteket i Oslo (UBO). Programansvarlige var forskningsbibliotekar og historikar Bente Lavold frå NB, og universitetsbibliotekar Svein Helge Birkelfet frå UBO.

DAG 1
var vi på NB og programmet opna med at Trond Myklebust som tidligare har jobba i Aftenposten ga oss eit innblikk i omlegginga NB gjer til å bli meir tilgjengelig som eit digitalt nasjonalbibliotek. Målet er at dei skal vere lett å nytte for alle i heile landet blant anna gjennom å ha eit meir brukarvennlig grensesnitt og vere synlig for brukaren på nettet der brukaren sjølv skal kunne rangere metadata i søk ho eller han gjer ut frå det brukaren treng.  Dei satsar også på å kome opp blant dei fem mest brukte søkjeverktøya i Norge og tar gjerne i mot tilbakemeldingar på dei nye nettsidene dei byggar opp.

NB har flotte bokskattar frå langt tilbake i tid, og forskningsbibliotekar Anne Eidsfeldt fortalte oss om den historiske utviklinga frå bokinnbindigar med fokus på dei religiøse bøkene (frå 1650 til 1750). Her viste ho oss mellom anna bruk av biblar som festegåver. Ved ei truloving kunne ein gi ein liten bibel med tinnhjarte på innbunde i fløyel til sin utkåra.
http://www.aftenposten.no/viten/Kjarlighet-kledd-i-rod-floyel-10012b.html

Dei innbunde bøkene blei nytta som status-symbol, og for dei som hadde midlar ville ein gjerne bli portrettert med ein bibel i handa. Som forskingsbibliotekar ser Eidsfeldt på brukshistoriene bak bøkene. Husbiblar blei i tillegg nytta som katalog eller familiedagbok for å notere ned kven som kom til i familien og kven som døydde. Bokbindaren kunne nytte lær og skinn til å binde inn bøkene, og dei som kom frå gode kår fikk biblar med bladgull rundt arka, der ein skraverte inn eit unikt mønster. Utover dei romantiske festegåvene fikk vi også sjå på innbunde likpreiker som blei trykka opp med bilete av hovudskallar utanpå. Desse er korte biografiar som omhandla livet til den avlidne.

Dagen på Nasjonalbiblioteket blei avslutta med omvising i utstillinga Sansen for det moderne som har komen opp rundt Sigbjørn Obstfelders liv og forfattarskap.
DAG 2
Universitetsbiblioteket i Oslo  var vertsskap for oss andre dag. Her blei vi møtt av Halvor Kongshavn som tok oss med bak kulissane til ombygginga av HumSams bygg, Georg Sverdrups hus. For meg var det særlig positivt å høyre at UBO har fått på plass Skrivesenter også i sitt bibliotek, og dette opnar 3.februar 2017. UBO si ombygging opnar med eit lysare bibliotek der meir naturlig lys vil kome inn i første etasje. Dei kjem til å fleire grupperom og arbeidsplassar i biblioteket For å få til dette har dei magasinert tidligare hovud og masteroppgåver  og tidsskriftsserier.  Læringssenteret i biblioteket vil også ha it-teneste. Ombygginga mot eit fysisk læringssenter er mellom anna at ein meiner at studentar som er på campus lærer meir enn studentar som ikkje er det, og då utgjer biblioteket ein av dei viktigaste stadene.

Etter omvising på HumSam haldt professor Terje Stordalen ei førelesing om minnestudium og  nyare bibelforsking. Korleis hugsar grupper i fellesskap? Korleis kollektive minne utgjer ein sterk politisk storleik og også makt. Minnestudia er tverrfaglig område som omfamnar teologi, antropologi, historie og arkeologi.

Neste på programmet var Unni Knutsen om Alma, Oria og Dewey. Unni Knutsen er UBOs seksjonssjef for tilvekst og katalogisering. Ho tok for seg omlegginga til norsk Dewey som NB har gjort i samarbeid med Bibsys.  I Alma skal ein no følgje felles nasjonal klassifikasjon. For Knutsent er det viktig at ein ikkje fjernar klassifikasjon frå autoriserte kjelder som LC, BL, NB og BS.  På klassifikasjonsdata i ALMA skal det framgå kven som står bak klassifiseringa. Det er viktig at alle som klassifiserer tenkjer gjenbruk for konsortiet i Bibsys, og for brukarane i ALMA. NB har folk som kontinuerlig jobbar med omsettinga av termer frå WebDewey, og det finst no tilgjengelig ein norsk WebDewey som alle kan teinke eit abonnement på og som blir drifta frå NB.

Siste faglige innlegg var frå professor emeritus Halvor Moxnes om forskingsindustrien rundt Jesus. Moxness gav eit riss om forskingshistorie som makt og posisjonering der ein tar Jesus til inntekt for menn i maktposisjonar, dette gjeld også innan forskarane som skriv om Jesus. Han trakk særlig fram feministisk teologi og kritikk som eit nyare perspektiv der desse peiker på andre for historiske hendingar som ein også må trekke inn for å få ei breiare forståing  av Jesus og utbreiinga av kristendommen i frå. Begge kjønn må med for å forstå historia, og fleire lag av folk må synliggjerast. Ikkje berre rike menn i politiske posisjonar.
Heilt til slutt rapporterte dei ulike biblioteka om kva som rører seg i dei enkelte miljøa. For meg var det særlig interessant å høyre om situasjonen til VID vitenskaplige høgskole. VID er resultatet etter fusjonen mellom høgskulane Diakonhjemmet, Haraldsplass, Betanien og Misjonshøgskolen.
Geografisk er dei spreidde mellom Bergen, Oslo, Sandnes og Stavanger. Biblioteket ligg administrativt under avdeling for fagstøtte http://www.vid.no/site/assets/files/1104/organiasjonskart-vid.pdf.
VIDs bibliotek leiast av Hilde Trygstad (tidl.leiar Diakonhjemmet Oslo), og har i tillegg stadlige leiarar.
Dei rapporterte om litt krøll ved oppstart av fusjonen i januar, og særlit med dei ulike it-systema som skal samkøyrast. Trass i litt innkøyringsproblem er dei positive til samanslåing, særlig til at dei alle har fått eit større kollegialt nettverk, noko som særlig dei tidligare små biblioteka drar nytte av.

Tusen takk til NFF for stipend som muliggjorde deltakinga i nettverksmøtet.

Reklamer