Rapport fra NordPlus 19. juni sluttmøte, Det kongelige bibliotek Københamn

Frå 2016-2018 har universitetsbiblioteka i Lund, Bergen og Aarhus saman delteke i eit NordPlusstøtta prosjekt kalla Det digitale universitetsbibliotek som videnskabende ressource og pædagogisk aktør i nordisk universitetsuddannelse indenfor emneområdet Educational sciences, pedagogy and didactics.

Her har dei særlig sett på utdanningsbiblioteka sin proaktive innsats på område for digital læring. Korleis jobbe med Open educational resources?
Mål med minikonferansen eg fikk høve til å delta 19.juni på er å etablere eit utvida nordisk nettverk rundt dette.

I prosjektperioden har dei hatt som mål å:

  • Utvikle e-læringsobjekt
  • Styrke studentanes medvitenheit rundt akademisk metode
  • Bidra til auka tilgjengeligheit og fleksibilitet i utdanninga
  • Presentere ein case og idebank
  • Utbygge samarbeid ved læringsmiljø ved tre nordiske universitet
  • Bli eit faglig signifikant nettverk

Dagen starta med at dei tre ulike UB’a presenterte det viktigaste arbeidet dei hadde gjort i NordPlus-nettverket.

 

Det Kongelige bibliotek/Aarhus Universitetsbibliotek (Pernille Holm Lindhardt og Christian H.O.Hansen)
I priosjektet har dei jobba saman i ein trekant med studentar, bibliotek + og forskarar.
Dei har samskapt med studentar-  hatt temadagar og kompetanseutvikling, og utvikla verktøy i norplusnettverket som ein så har tatt inn. Dei jobbar no med ein chat for å kome tettare på studentane. Dei har også utvikla podcast saman med undervisarar og studentar.
Gjennom NordPlusprosjektet har dei fått høve til å:

  • Lokalisere muligheiter og styrkar
  • Utvikle eit strategisk rom å jobbe i
  • Få oppbakking frå leiinga
  • Synliggjere biblioteket på campus
  • Skape kvalitetsprodukt

Korfor samskaping (co-creation)?

Formålet er å lytte til dei det handlar om – studentane
Brukarar har ressursar – bibliotek- studentar og forskarar- kan saman utvikle educational IT.
kompetanseutvikling i fokus- praksisfellesskap som utgjer eit signifikant nettverk
Gjer arbeidet meir kvalitetsbevisst, og studentar og forskarar får eit eigeskap til produkta dei er med på å utvikle.

Utvikle eit felles didaktisk språk
Evaluering
Mixed method

Utvikle EDU IT i Au library
(Strategisk satsing).

 

Universitetsbiblioteket Bergen (Pål Steiner, Ingunn Rødland og Henry Langseth)
Korleis inspirere til kursutvikling på det lokale biblioteket?

Korleis kan vi bruke det inn i undervising?
Fokus på studentaktiv læring og læringsdesign i biblioteksamanheng
Positivt at ein med dette får eit høve til å inkluderer alle i undervisinga
Utfordrande oppgåver bidrar til motivasjon
Saman har dei laga mikrotema i undervisingsløpet som ein kan ta med når ein snakkar om progresjon med fagmiljøa. Metoder som samsvarer med faga ein er inne i.

DIGITALE VERKTØY UB HAR NYTTA
Mentimeter
Padlet– virtuell tavle der fleire samtidig kan lage og lese innlegg (for eksempel meine noko i kjeldevurdering)
Flinga
Google forms
Plattformar og nettsider som tilrettelegg for gjenbruk

ABC-metoden tilpassa læringsmetode

Undervisingsplanlegging
90 min hands-on verkstad
Ulike læringsformar
Blended learning
Samskaping (co-creating)- diskutere undervising med faglærar

ABC metode har ulike læringstypar
Kva gjer det enkelte læringsobjektet?
ABC-metoden skapte refleksjon kring eiga undervising- kva for rekkefølgje skal ein gjere ting i?

Alle som deltok blei inspirert til å endre undervisingsopplegga
Ein ser no meir utover kva som skjer på heile campus, ikkje berre biblioteket
UB er invitert til å delta i læringslabben til UiB, og er meir aktivt med her som ein synlig del av læringslabben. Resultatet er at ein no planlegg no heilskapelig undervising.
UB Bergen er også med på UiBs læringsdesignprogam saman med UniPed.

 

Lund universitetsbibliotek (Anja Hoppe, Anna Wiber, Anika Nilsson, Bitte Holm, Lina Ahlgren og Åsa Forsberg)

Sigificant networks (Roxå og Mårtensson, 2009).
Lund UB har jobba ut frå Roxo og Mårtenssons tankar undt signifikante fagfellesskap (significant networks). Modellen går ut på at ein har fire sentral kollegaer ein diskuterer arbeidet sitt med, desse utgjer eit faglig signifikant nettverk som sosial konstruksjon for læring og utvikling av læringsprodukt. Lund UB har hatt som mål å forandre undervisingkulturen innad og å produsere digitale læringsobjekt
Dei har opplevd å få mykje støtte i prosjektet, og  har fått integrert dei digitale lærinsgobjekta i ulike læringsplattformer.

Eksempel på digitale læringsobjekt dei har utvikla er
Quiz i konkurranserett
Finne ein referanse og kva for kjeldetype studentane skulle bruke.
Guide + enquet
Kjeldegransking

Som UB Bergen har også Lund nytta seg av ABC metoden
Første med ein intro til samskaping (co creation)
Diskusjon
Rollespel (ein lærar, ein flink student, ein bibliotekar, ein lat student)
Prototypar
Formålet har vore å innhente kunnskap, diskutere, tilrettelegge og praktisere og saman skape.

Erfaringar
Ein må ha tydelige rammer, eit felles utgangspunkt og mål. Utvikle eit samstemt pedagogisk språk
Stor fordel å la studentar vere medaktive i undervising.
Gruppedynamikk fremjer kreativitet.

 

Faglige hybride nettverk: Samtale, samskabelse, samvær og samfund på tværs av institutioner Rikke Toft Nørgård, Aarhus Universitet

Siste del av dagen hadde NorPlusnettverket invitert 1. amanuensis Rikke Toft Nørgård frå AU som forskar på kva som skjer når ein rører seg i ulike utdanningslandskap, dei digitale og dei fysiske og bruk og utvikling av digitale verktøy. Ho er spesielt interessert i kva som skjer når ein blandar læringsmiljø, og læringsprodukt og når det då oppstår hybridar.
korleis nettverk kan kombinerast etter formål-

Kva er hybriditet?
Skape nye artar og bastardar gjennom nye blandingar (for eksempel når ein hest og eit esel parrar seg blir det til eit muldyr); altså  korleis ein blandar ting saman og så gjennom det får noko nytt.
Nørgård bruker mellom anna Stommels definisjon for å forklare hybrid pedagogikk;
“Hybrid pedagogy does not just describe an easy mixing of onground and online learning, but is about bringing the sorts of learning that happen in a physical place and sorts of learning that happens in a virtual place into a more engaged and dynamic conversation”(Stommel, 2012).
Med å ta i bruk ein hybrid pedagogisk tankegang kan ein oppløyse skilje mellom digital og analoge læringslandskap.

Meir om digitale UB kan ein finne på nettsidene til prosjektet.

Det nordiske digitale UB presenterte veldig gode tankar å ta med seg vidare i planlegging av eigen undervising og vidareutvikling av skrivesenteraktivitetar vi har på HVL der ein i enno større grad kan inkludere studentar i dette arbeidet.
Ideane om samskaping med studentar og forskarar er verdt å gå vidare inn på .
Om HVL får høve til å bli med i NordPLusarbiedet ser eg det som eit signifikant faglig nettverk eg godt kan tenkje meg at HVL si studiestøttegruppe kan bli ein del av.

Stor takk til NFF Bergen for stipend til reise og opphald.

Universitetsbibliotekar Solveig Kavli, juni 2019.